Vi må knyte oss tettare til Europa

Over 80 prosent av norsk eksport går til Europa. Tollmurar og ein ny verdsorden kan få store konsekvensar for lokale eksportbedrifter i Vestland.
Over 80 prosent av norsk eksport går til Europa. Tollmurar og ein ny verdsorden kan få store konsekvensar for lokale eksportbedrifter i Vestland.
Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
Dagleg kjem det skakande nyheiter over Atlanteren. Løgn og alternative fakta frå leiinga i USA er oppsiktsvekkjande og skremmande. Kva det nye verdsbiletet til sjuande og sist vil innebere for norsk handel og tryggleik, veit vi enno ikkje. Men det er stor grunn til uro.
Det er fleire grunnar til at vi no må reorientere oss og knyte oss tettare til vår viktigaste marknad, Europa.
Vestland er Noreg sitt desidert største eksportfylke. I 2023 eksporterte bedriftene her for i overkant av 230 milliardar kroner, utanom olje og gass. Det er det meste eit norsk fylke har eksportert nokon gong.
Så mykje som 56 prosent av eksporten frå Vestland går til EU/EØS-land. I tillegg går 20 prosent av den norske eksporten til Storbritannia. EØS-avtalen er Noreg si viktigaste handelsavtale, og sørgjer for at bedrifter i Vestland har tilgang på den europeiske marknaden på lik linje med konkurrerande bedrifter i mellom anna Gøteborg, Hamburg, Torino og Marseille. Dei siste vekene har vist tydeleg at dette no står på spel.
Føreseielegheit er det aller viktigaste for bedriftene våre, men sjeldan har verda vore mindre føreseieleg enn no. Den siste tida har vist tydeleg at europeisk samarbeid er viktigare enn nokon gong.
Donald Trump har mellom anna annonsert 25 prosent toll på all import av stål og aluminium. Noreg har ikkje stor eksport av stål eller aluminium til USA, og den direkte konsekvensen av tollen er for oss derfor avgrensa. Men dersom EU svarer med å innføre såkalla vernetoll kan det få store konsekvensar for alle bedrifter som eksporterer til den europeiske marknaden.
Vestland har mellom anna ein sterk posisjon innan produksjon av metall som silisium, sink og aluminium. Eksportbedriftene skaper store verdiar for Noreg, og mange tusen arbeidsplassar er direkte eller indirekte knytt til verdiskaping.
Berre innan kraftforedlande industri jobbar det over 13.000 menneske i Vestland. Bedrifter som Boliden i Odda, Elkem Bremanger og Bjølvefossen i Ålvik er døme på hjørnesteinsbedrifter som òg gir viktige inntekter til kommunane.
I slutten av januar presenterte Europakommisjonen eit nytt konkurransekraft-kompass. Det er ein strategi for korleis Europa skal styrkje sin globale posisjon innan mellom anna innovasjon og teknologi. Det samarbeidet bør Noreg bli ein del av.
Vi treng ein offensiv europapolitikk, både for å sikre tryggleiken til Noreg og konkurranseevna til bedriftene. For bedriftene er det meir krevjande enn nokon gong at Noreg står utanfor EU. Det er ikkje gitt at vi blir inkluderte når EU no er i gang med å forsterke samarbeidet på nye område.
Vi kan byrje med å sikre at EØS-relevant regelverk blir innført utan unødvendige forseinkingar. Noreg bør òg søkje aktiv deltaking i nye EU-initiativ. I tillegg må vi styrkje klimasamarbeidet med EU og raskt avklare om klimaavtalen skal oppdaterast.
Bedriftene våre er avhengig av marknadstilgang til Europa. Det er heilt avgjerande for Vestlandet si konkurransekraft, arbeidsplassar og framtidig verdiskaping at me knyter oss endå tettare til Europa.
Innlegget sto på trykk i Fjordabladet februar 2025.