Kjære bedriftsleiar, tilby ungdommar sommarjobb!
Å gje ungdommar tidleg jobberfaring kan vere med å sikre framtidig rekruttering.
Å gje ungdommar tidleg jobberfaring kan vere med å sikre framtidig rekruttering.
Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
Bjørn Lødemel, dagleg leiar Sogn og Fjordane Næringsråd
Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på bedrifter som tilset sommarvikarar. Dette er ei utvikling vi må snu.
Som elles i landet slit også bedrifter i Sogn og Fjordane med å få tak i tilsette med rett kompetanse. Ifølgje perspektivmeldinga til regjeringa vil det bli endå større kamp om arbeidskrafta i åra framover. Vi blir stadig fleire eldre her i landet, og færre i arbeidsfør alder. Derfor er det viktigare enn nokon gong at arbeidsgivarar, både private og offentlege, ser verdien av å knyte til seg ungdommar gjennom sommarjobbar.
NHO Vestland køyrer no i gang prosjektet "Sommarjobb i vest", saman med Vestland fylkeskommune og Nav. Vi håpar at flest mogleg arbeidsgivarar blir med og registrerer sommarjobbar. Det er enkelt å bli med. Du treng berre legge til #sommarjobbivest i sommarjobb-annonsen din på vanlege jobbportaler som hos NAV. Deretter vil den dukke opp på "Sommarjobb i vest"-nettsida.
Vi treng å synleggjere kva jobbar Sogn og Fjordane har å by på, og har tru på at tidleg jobberfaring kan bidra til å førebyggje utanforskap. 7000 unge i Vestland er i dag utan arbeid, utdanning eller opplæring, og vi håpar fleire av desse kan få innpass i arbeidslivet gjennom sommarjobb.
Mange bedrifter er heilt avhengige av sommarvikarar, mellom anna i reiselivs- og serveringsbransjen og i byggjenæringa. Samtidig veit vi at det det ikkje alltid er så lett for dei unge å oppdage moglegheitene som finst. Ved at vi no samlar alle sommarjobb-annonsane, vil fleire jobbar bli kjende for fleire.
For ungdommar er sommarjobb verdifull erfaring, og kanskje kan den også vere ein døropnar for vidare utdanning og jobb. Det finst fleire døme på at unge talent har enda opp som viktige ressursar og stabil arbeidskraft i lokale bedrifter. For arbeidsgivarar kan unge sommarvikarar gi nye perspektiv og energi.
Bli med å vise fram kva arbeidslivet her har å by på! I Sogn og Fjordane har vi en imponerande bredde i næringslivet, med spennande og verdsleiande bedrifter innan mellom anna teknologi, reiseliv, industri og sjømat. Ved å synleggjera jobbmoglegheitene lokalt kan vi sikre at fleire vel å busetje seg her når dei skal etablere seg.
Kva skal til for å tilsetje sommarvikarar, lurer kanskje nokon på? Du må ha ordna arbeidsforhold, og vere sikker på at du kan ta imot sommarvikarane på ein god måte. Det vil seie at du må kunne gi opplæring og støtte, og bidra til at ungdommane kjenner seg verdsette og motiverte.
Tilset du sommarvikarar kan det styrke både arbeidsmiljøet og omdømmet til arbeidsplassen din. Samtidig kan du bidra til å sikre deg og bransjen din rekruttering i framtida.
Innlegget er publisert i Firda, Sogn Avis, Fjordabladet.
Likande innlegg er også publisert i Vestnytt.