Vi treng eit arbeidskraftløft

Publisert

Bedrifter og kommunar slit med å få tak i nok tilsette med rett kompetanse. NHO og Nav går no saman om målretta tiltak for at fleire av dei som ønskjer å jobbe skal få moglegheit til det.

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
Bjarte Hysing-Olsen, direktør Nav Vestland

72 000 menneske mellom 20 og 66 år står av ulike grunnar utanfor arbeidslivet i Vestland. Samstundes ønskjer mange av desse å jobbe, anten deltid eller heiltid.

Dei som står utanfor er ei samansett gruppe. Mange er unge med psykiske utfordringar, skuletrøyttheit eller utan gode inngongar til arbeidslivet. Så mykje som 7000 unge mellom 20 og 29 år i Vestland er i dag utanfor arbeid, utdanning eller opplæring. Vi er nøydde til å hjelpe fleire til å få ein fot innanfor arbeidslivet tidleg.

Gjennom prosjektet "Arbeidskraftløftet" intensiverer NHO og Nav no samarbeidet om å få fleire inn i arbeidslivet og å få fleire til å velje utdanningar som bedriftene etterspør.

Så mykje som 64 prosent av bedriftene i Vestland slit med å trekkje til seg tilsette med rett kompetanse. Det er mellom anna stor mangel på yrkesfagleg kompetanse og handverksfag,  tilsette med IT- og ingeniørutdanning og kunnskap om kunstig intelligens. Framover vi vil sørgje for at karriererettleiarar ved ungdomsskular, vidaregåande skular og opplæringssenter får årleg oppdatering om næringslivet sitt behov for kompetanse.

Målet er at det skal få fleire til å velje utdanningar bedriftene treng. Det handlar ikkje berre om val av utdanningar, men òg at ein må bruke tilsetjingar i bedriftene som springbrett til å få kvalifisering.

I tillegg vil vi jobbe for at fleire i Vestland skal få ta fagbrev gjennom jobb, og vi vil lage fleire skreddarsydde kvalifiseringsløp og bransjespesifikke kurs innanfor faga næringslivet har størst behov for.

Berre dei neste fem åra vil 33.000 personar i Vestland nå pensjonsalder - kvar tiande arbeidstakar! LOS Cable Solutions på Bømlo er ei bedrift som har teke grep for å behalde fleire seniorar. Dei har sett i verk tiltak for å motivere fleire av sine tilsette til å halde fram med å jobbe utover pensjonsalder. Noko av løysinga ligg i større grad av fleksibilitet og moglegheit for deltid.

Vi vil òg samarbeide om tiltak som kan bidra til å få ned sjukefråværet. Vi ser at bedriftene treng meir kunnskap og informasjon om verktøya dei kan bruke for å redusere sjukefråværet.

Det finst heldigvis mange suksesshistorier. Ramsvik Frisør er ei av de største frisørkjedene på Vestlandet, med salongar i Bergen og på Voss. Med målretta innsats har dei eit sjukefråvær godt under landsgjennomsnittet. Ved salongen på Vestkanten i Bergen er sjukefråværet nede i 2,6 prosent, mot 7 prosent på landsbasis (2. kvartal 2024). Mellom anna har bedrifta tett samarbeid med Nav Arbeidslivssenter, raske dialogmøte med lege/Nav og dei koplar tidleg på tillitsvalde og verneombod.

Stryn-bedrifta Nomek har teke grep å sikra seg nok og rett arbeidskraft. Dei har mellom anna rekruttert 8 ukrainske flyktningar via Nav si jobbspesialist-teneste. Gjennom arbeidspraksis har flyktningane fått språkopplæring og tilrettelegging. Deretter har dei gått vidare til arbeidsavtale med lønstilskot frå Nav, før dei har fått fast tilsetjing i Nomek.

Det lønar seg å bruke alle verktøya me har i verktøykassa for å få fleire i utanforskap inn i arbeid, redusere sjukefråværet og få fleire til å jobbe utover ordinær pensjonsalder.

Vi blir stadig fleire eldre her i landet, og færre i arbeidsfør alder. Konsekvensane er at dei offentlege utgiftene vil fyke i taket. God velferd i åra framfor oss avhenger heilt av at alle som er i stand til det får bidra og kan velje å stå lenger i arbeidslivet.

Innlegget er publisert av fleire lokalaviser, mellom anna Avisa Hordaland, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Grannar, i desember 2024.