Vellukka LEAN-satsing i Høyanger

Publisert

Fra venstre: Helene Formo (LO), Terje Ljotebø (Hydro), Atle Rasmussen (LO), Helene Frihammer (NHO) og Marit Heimdal (NHO).

Denne veka blei eit 4-årig samarbeidsprosjekt mellom Hydro og Bilfinger i Høyanger avslutta. Resultatet av prosjektet er betre arbeidsflyt, kompetanseheving og betre partssamarbeid.

Hovudorganisasjonane sine fellestiltak (HF) er eit samarbeidsprosjekt mellom NHO og LO, som støttar utviklingsaktivitetar i norske verksemder, gjennom økonomisk og fagleg bistand.

Lean er ein organisasjonsfilisofi som dreiar seg om at leiarar og medarbeidarar jobbar saman for å forbetre arbeidsprosessane og effektiviteten i verksemder.

I Høyanger blei prosjektet Høyanger Lean Industri starta i 2020, med industriverksemdene Hydro Aluminium og Bilfinger.

Betre arbeidsflyt

Det blir jobba døgnet rundt på metallverket i Høyanger. Bygda ligg heilt nede ved fjorden, omkransa av høge fjell og vakker natur. I over 100 år har bedrifta spelt ei aktiv rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Hydro aluminium er hjørnesteinsbedrifta i Høyanger, og gir også liv til fleire underleverandørar lokalt. Ei av desse bedriftene er Bilfinger Høyanger, som blant anna har ansvar for å vedlikehalde hengarar til bruk på aluminiumsverket.

Bedriftene held til på same industriområde, og har i prosjektet jobba saman i for å optimalisere arbeidsflyten seg imellom gjennom kompetanseheving, medarbeidarinvolvering og partsamarbeid.

Wenny Irene Hansen har vore ekstern prosjektleiar for Lean-prosjektet i Høyanger. Kompetansepartner Helge Totland frå Sintef Manufacturing har òg vore ein svært viktig bidragsytar i prosjektet.  Lean verktøy og effektiv forbetring har vore i fokus gjennom heile prosjektperioden. I starten gjennom digitale kurs grunna pandemi, og seinare gjennom samlingar i Høyanger og oppfølging i bedrift.

- Det er gjort eit stort kompetanseløft i bedriftene gjennom dette prosjektet. Leiing og tillitsvalde har fått same opplæring og tilgang på informasjon. Styrking av partsamarbeidet har vore sentralt, og prosjektet har løfta både bedriftene og dei tilsette, sier prosjektleiar Wenny Irene Hansen.

Både kompetansenivået på effektiv forbetring, trivsel og arbeidsmiljø har blitt mykje betre. Bedriftene har jobba tett saman og utvikla ei heilt ny forståing for kvarandre sine arbeidsfelt. Dette har ført til meir effektive prosessar, betre arbeidsmiljø og trivsel. Kommunikasjonen mellom bedriftene er ein heilt anna i dag enn kva den var tilbake i 2020.

Gjennom HF-prosjekt får bedriftene hjelp til å utvikle partssamarbeidet og legge til rette for medarbeidardriven innovasjon. Støtte frå HF føreset at bedrifta er bunden av tariffavtale og at Hovedavtalen mellom NHO og LO gjeld for bedrifta.