Den vestlandske entreprenørskapsånda

Publisert

Kva hadde vi vel vore utan den vestlandske entreprenørskapsånda. Evna til å skape nytt, skape gull av gråstein og bite oss fast opp langs fjellsidene og utveksle innovative varer, teknologi og tenester med verda der ute?

Innlegg av regiondirektør Helene Frihammer,
i samband med innovasjonsuken OPP
 
Vi er no på full veg inn i den største omstillinga i etterkrigstid. Meir enn nokon gong treng vi skaparkraft, gründerskap og evne til skalering av løysingar.
 
Heldigvis har vi eit svært sterkt miljø rundt gründerane i Vestland: VIS - Vestlandets Innovasjonsselskap og inkubatorer, Startuplab, Innovasjon Norge - Vestland, næringshagane, klyngene, MIKS Ressurssenter for integrering og samhandling, Ungt Entreprenørskap Vestland, Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling og mange fleire.
 
Men skal vi lukkast må vi bli langt betre på å koble gründermiljøa med utdanningsinstitusjonar og eksisterande næringsliv, og storsatsingar som Grøn region Vestland, One Ocean Havbyen Bergen og LUP - Leverandørutviklingsprogrammet. Dette er ikkje kritikk, men ei sterk oppfordring.
 
I debatten «Vekstlandet?» under Innovasjonsuken Opp blei vi utfordra på tre tiltak som skal til for at vi lykkes med å bygge gründerskap i Vestland og Norge.
 
Oppsnakk: Vi må bli langt flinkare til å synleggjere, heie på innovasjon og dyrke fram gründerselskap, som: Healthy Eats, TicketCo Norway, Myreze Productions, Retrams, Tibber, Evoy etc. Dei som legg hovudet på blokka, jobbar i oppoverbakkem skapar arbeidsplassar og nye løysingar. Og intern bedriftsinnovasjon som Bulder Bank og Plug. Eller dei store trandisjonsrike bedriftene, som Grieg, som nettopp kunne feire at dei har navigert gjennom 140 år med innovasjon.
 
Her gjer mellom anna fleire av bankane, Kristine Askvik & Shifter og Innovasjonsuken OPP og ihärdig ein kjempejobb allereie. Men her er det mykje å gå på, særleg hos vanlege medier og oss enkeltpersonar som gjerne heier på sportsheltar, men ikkje på bedriftsheltar.
 
Stabile forhold: Vi veit at mange investorer er blitt redde for å investere i Norge som følge av mindre forutsigbarhet. Uroen vi har sett i skatte- og avgiftspolitikken de siste par åra er rett og slett noko av det verste næringslivet og investorar veit og kan være drepen for skaparkrafta og grønn omstillingsevne. Formueskatten har blitt dobla i løpet av dei siste par åra og tapper selskapa og markedet for risikokapital og norsk eigarskap, og er ein skatt som trer i kraft sjølv når selskapa taper penger. Og så må Exit -skatten som er ute på høyring helst avlysast , eller iallefall endrast slik at den ikkje rammer startup-selskapa så hardt.
 
Kapital: Mange norske virksomheter sliter med vekst og tilgang på risikovillig kapital. Vi har derfor bistått VIS, Connect Vest og Finance Innovation i arbeidet med å få på plass eit tidlegfase- fond her i regionen. Samstundes veit vi at for å realisere dei over 300 skalerbare grønne prosjekta i Vestlandsporteføljen så trengs det over 128 mrd kroner i investeringar.
 
Skal vi ha ein sjanse til å hente dette, må vi jobbe systematisk på tvers av organiasjonar og saman skaffe langt fleire investorar og industrikapital. Og så handlar det om politikk. CO2 avgifta som no skal trappast opp til 2000 kr tonnet innan 2030, vil til saman utgjere 180 mrd. Dette er kapital som må sprøytes tilbake til omstilling av bedriftene og til nye løysingar.
 
Tusen takk for et godt og lærerikt arrangement, Startuplab, Vestlandets Innovasjonsselskap, Bergen Næringsråd og Bergen Venstre.
 
Vi i NHO Vestland skal gjere det vi kan for å bistå til at gründere frå vår region lykkes i tida framover!