Av Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland
EØS-avtalen fyller 30 år, og for oss vestlendingar er det svært gode grunnar til å feire 30-årsjubilanten.
EØS-utgreiinga som blei lagt fram i april stadfestar det mange vestlandsbedrifter har erfart dei siste 30 åra; EØS-avtalen er avgjerande for at vi skal ha solide bedrifter og trygge arbeidsplassar. For kva hadde Vestlandet vore utan EØS?
EØS-avtalen sørger for at bedrifter i Vestland har tilgang på den europeiske marknaden på lik linje med alle andre europeiske bedrifter. Bedriftene våre treng føreseieleg tilgang til den europeiske marknaden, og EØS-avtalen er garantien for det. Så er det heller ikkje berre eksportinntekter som står på spel, men òg lokale arbeidsplassar og kommunale skatteinntekter.
Eksportmeldinga slår fast at Vestland for tredje år på rad er det største eksportfylket i landet. Vestlandsbedriftene eksporterte i fjor for i overkant av svimlande 230 milliardar kroner, og det utanom olje og gass. Dei private eksportbedriftene skapar store verdiar for Noreg, og sørger for tusenvis av arbeidsplassar.
Her på Vestlandet finst mange suksesshistorier innan eksport, og EØS-avtalen er avgjerande for mykje av suksessen. For eksempel kan fisken som blir produsert langs vestlandskysten selgast til land som Spania og Tyskland utan store hindringar i vegen. EØS gir sjømatnæringa avgjerande føreseielegheit gjennom felles standardar i det veterinære regelverket. Det gjer at norsk sjømat er "klarert på førehand" og kan fraktast til EU utan grensekontrollar. Utan EØS-avtalen ville ikkje dette ha vore mogleg.
EØS-avtalen er sentral for prosessindustrien på Vestland. Hydro i Høyanger og Årdal, eller Boliden Odda, har svært høg eksportandel, mest til EØS. For dei er EØS-avtalen ikkje berre avgjerande for å selje varer, men òg for verdikjeda rundt og for utanlandske investeringar. Utan EØS blir det rett og slett vanskeleg å konkurrere på like linjer med omverda.
Gjennom EØS og klimasamarbeidet kan norske selskap òg få innvilga pengestøtte, slik som Gulen-selskapet Skiga nyleg fekk i EU sin aller fyrste hydrogenauksjon.
EØS-avtalen har ført til mellom 35 og 60 prosent meir handel enn om vi hadde hatt ein vanleg frihandelsavtale, ifølge forskarar ved NUPI.
Men samstundes som EØS-avtalen aldri har vore viktigare for norske bedrifter, blir han òg stadig meir utilstrekkeleg. Det er ei uroleg tid med krig i Europa. EU er i rask utvikling med nye initiativ, finansieringsordningar og samarbeidsområde som ikkje blir dekt av EØS-avtalen. Blant anna innanfor helse, grøn omstilling, tryggleik og beredskap, der EU i større grad ønsker å koordinere på eit europeisk nivå og bygge konkurransekraft.
EU blir altså stadig viktigare for Noreg, og det er grunnen til at vi no treng eit krafttak i europapolitikken. Framover vil det blant anna vere viktig at Noreg søker innpass i nye EU-initiativ, og at EU-reglar blir gjennomførte mest mogleg likt i alle EU/EØS-land.
Det er inga sjølvfølge at Noreg får vere med i det gode selskap, og prisen for å stå på sidelinja kan fort bli svært høg.