Y-nemda vil ha fokus på psykisk helse og fagbrevutdeling

Publisert

Fagbrev

Foto: Eivind Senneset for Bergen Næringsråd

Yrkesopplæringsnemnda i Vestland gjorde tilråding om økte bruk av penger på lærlingers psykiske helse og anbefaler felles fagbrevutdelinger i fylket.

Nemnda hadde møte på Kvam Vidaregåande skule mandag 20. februar.
Detaljer og sakspapir fra møte er tilgjengelig hos Vestland Fylkeskommune 
Utvalsmøte (elementscloud.no)

Yrkesopplæringsnemnda tilrår at avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse benytter statlige midler til å iverksette tiltak for å bedre lærlingenes psykiske helse.
Dette omfattar tiltak internt i fylkeskommunen, som for eksempel engasjement-stillinger knyttet til Rettleiingstenestene, og tiltak iverksatt av opplæringskontor og lærebedrifter utviklet i samarbeid med disse.

Nemnda gjorde det også tydelig at store, høytidelige og felles utdelinger av fag- og svennebrev er viktig for å styrke omdømme til fagarbeidere.  NHO la inn forslaget under og fikk enstemmig tilsluttning i møte:

Forslag til vedtak Fagbrevutdelingar i Vestland ( RS 5/23)
Yrkesopplæringsnemnda meiner tiden er inne for å sameina dei to gamle fylka og deira ulike tradisjonar i vårt nye fylket. Det betyr ikkje nødvendigvis at dei gamle tradisjonane skal vidareførast. Nytt fylke gjer også mogelegheit for å lage nye, gode og tradisjonar som bidreg til styrka omdømme for yrkesfaga.

Nemnda deler avdelingsdirektøren si oppfatning av at det er viktig å feire og løfte fram dei som har valt eit yrkesfag, og som fullfører med bestått fag- eller kompetansebrev. Det er stor felles semje om behovet for å auka statusen og styrke omdømme til yrkesfaga. Det kan gjerast på ein god måte ved å legge til rette for store, felles og høgtidelege seremoniar i dei ulike regionane i fylket.

Nemnda meiner det vil vere både styrkande og samlande for fylket og fagarbeidarane dersom slike seremoniar kunne gjerast i regi av fylkeskommunen, i tett samarbeid med opplæringskontor, lærebedrifter, næringsråd og andre. For fagarbeidarane vil dette bety føreseielegheit når ein startar på utdanninga kva ein kan forventa og sjå fram til etter fullført prøve.

Nemnda meiner også at slike store, felles seremoniar vil vere styrkande for omdømme til yrkesfaga, både blant ungdommar og ikkje minst i befolkninga elles. I tillegg vil det kunne bidra til ein auka fellesskapsfølelse mellom lærlingane og bidra til felles yrkesstolheit på veg inn i arbeidslivet.

Akkurat som det er knytt store forventningane til russefeiringa for dei studieførebodne, bør store, felles markeringar av fagarbeidar bli ny tradisjon i Vestland. Ikkje minst vil synlegheiten for yrkesfag verte styrka gjennom slike seremoniar. Nemnda meiner det vil vere av stor betydning at seremoniar gjennomførast på stader som gjev plass til både lærlingar og med god plass til publikum.

Nemnda delar fylkesdirektøren sin vurdering av definisjonen på eit skuleår, og at dersom fagarbeidarane ikkje ønskjer å delta på dei felles seremoniane som arrangerast, kan fag- eller sveinebrev bestillast på nett for utsending pr. post.

Yrkesopplæringsnemnda tilrår at administrasjonen tar prosjektleiarrollen for slike felles, store seremoniar frå 2024, i samarbeid med aktørar som ønskjer å delta i arbeidet.