Saman om løysingane

Publisert

Ha bedriftsbrillene på – ei næringsvenleg kommune skapar også bulyst

Kjære nyvalde medlem av kommunestyret, 

Gratulerer så mykje med tilliten! Dei neste fire åra har du ei viktig rolle å spele i utviklinga av kommunen. Vi i NHO Vestland ønskjer deg lukke til, og vil løfte fram saker som er viktige for bedriftene i din kommune. 

Lokalt næringsliv betyr arbeidsplassar lokalt og tilbod til innbyggjarane, og til saman bidreg dette til ein kommune som skapar bulyst. Kommunen kan gjere ein viktig forskjell for å fremje etablering av nye arbeidsplassar. Å bli ein attraktiv kommune for nye bedrifter byrjar alltid med å vere ein attraktiv kommune for dei som allereie er der. 

Vista analyse og Samfunnsøkonomisk analyse har kartlagt kva som fungerar i kommunar sitt arbeid med næringsutvikling. Gode vertskommunar for næringslivet ser næringsutvikling som del av arbeidet for gode lokalsamfunn og befolkningsvekst. Dei ser geografiske og næringsmessige moglegheiter og utnyttar "flaks" til handling. Dei utviklar og held fast på langsiktige strategiar for næringsutvikling. Dei forankrar arbeidet godt i både politisk og administrativ leiing. De har jamleg dialog med næringslivet i eigen kommune, og ser sitt eige arbeid i ein regional samanheng. 

Ein godt drive kommune er god for alle, også næringslivet. Kommunen bør derfor alltid jobbe for god ressursbruk uti frå stadig vurdering av om tiltaka når måla som er sett, trygg økonomisk styring, effektiv sakshandsaming og openheit. 

Ein næringsvenleg kommune 

Kommunen og bedriftene er gjensidig avhengige av kvarandre. Bedriftene må ha ei eigna tomt, areal og infrastruktur til si verksemd og dei er avhengige av rask og effektiv sakshandsaming.  

Din kommune bør: 
  • Ha ein oppdatert og gjennomtenkt strategi for næringsutvikling som blir følgt opp i praktiske tiltak. Strategien og tiltaka blir drøfta jamleg med næringslivet 
  • Vere løysingsorientert når det gjeld verksemd som er arealkrevjande, slik som fornybar kraft, industri og mineralutvinning, med eit mål om at kommunen skal bidra til den grøne omstillinga 
  • Utvikle attraktive sentrumsområde for å skape auka bulyst og trekke til seg bedriftsetablering og attraktive arbeidsplassar 
  • Unngå at eigedomsskatt på næringsbygg har høgare sats enn andre eigedommar. Taksering av eigedom må være føreseieleg og rimeleg 
  • Ta omsyn til bu- og arbeidsmarknadsregionane, spesielt på tvers av kommunegrenser, i areal- og transportplanlegging 
  • I rullering av dei kommunale arealplanane sikre avsetting av tilstrekkeleg areal for lade- og fylleinfrastruktur, særleg langs riksvegnettet, ved hamnene og ved opplagte knutepunkt  

I KS sitt folkevaldeprogram finns det ein eigen modul om næringsutvikling. Den vil vi oppmode ditt kommunestyre til å gjennomføre. 

Saman om løysingane  

Vi blir fleire eldre, og færre i yrkesaktiv alder. Fleire vil ha behov for helse og omsorgstenester. Når vi nærmar oss 2030 får eldrebølga effekt både når det gjeld kapasitetspresset i helse- og omsorgstenesta og finansieringa av offentleg sektor generelt og helsetenesta spesielt. Det er et aukande behov som skal dekkast med relativt sett færre ressursar.  

Eit godt samspel kan basere seg på å: 
  • Bruke private tenesteleverandørar som eit supplement til offentlege velferdstenester for å levere best mogleg omsorg og velferd til innbyggjarane 
  • Jobbe kontinuerleg saman med partane i arbeidslivet for organisering av tenestene som er god for både brukarar, tilsette og samfunnet 
  • Sørge for at kommunen tar i bruk helse- og velferdsteknologi som avlastar helsepersonellet og betrar tilbodet til brukarane 

Les gjerne om analysen Kvalitet23. Kvalitet 23 er ein analyse av kommunar sin ressursbruk relatert til kva effektivitet og kvalitet dei når innan tre tenesteområde. Områda som er analysert er helse og omsorg, barnehagedrift og reinhald og eigedomsdrift. 

Offentlege innkjøp som for eit seriøst arbeidsliv og eit grønt skifte 

Offentleg sektor kjøper inn for over 740 milliardar kroner per år (SSB, 2023). Med eit slikt volum har offentleg sektor gode moglegheiter for å fremje berekraftige anskaffingar gjennom kvalitet, innovasjon, miljøløysingar, etterspurnad etter fagkompetanse og lærlingar og motverking av arbeidslivskriminalitet. Kommunen må samarbeide med næringslivet om å sikre kritiske forsyningar i planlegginga av beredskap og ved hendingar. 

Din kommune bør: 
  • Erstatte den kommunale modellen for seriøse innkjøp med ein nasjonal modell, Norgesmodellen for seriøse offentlege innkjøp. Då veit bedriftene kva dei har å halde seg til på tvers av ulike kommunar og fylke. Unngå lokale tilleggskrav som gjer det krevjande å levere standardiserte og kostnadseffektive løysingar. 
  • Sikre at det er ein samanheng mellom krav og moglegheita for kontroll. Det må settast av nok ressursar til oppfølging av krava i den nye Norgesmodellen 
  • Splitte opp anboda slik at er mogleg å levere tilbod på delar av innkjøpet. Dermed kan små bedrifter konkurrere om kontraktar, noko som sikrar eit mangfald av store, mellomstore og små bedrifter. Fleire leverandørar vil sikre forsyningskjelder og beredskap 
  • Sørge for at kravet om lærlingar blir følgt opp i innkjøp 
Det grøne skiftet – kva kan de gjere lokalt?  

Bedriftene skal vere verdsleiande i å utvikle og ta i bruk klimaløysingar. Store ambisjonar med kort tidshorisont krev tett samarbeid mellom kommunen og næringslivet. For å realisere lågutsleppssamfunnet må vi saman skape sirkulære verdikjeder og styrke bioøkonomien. Digitalisering og bruk av data og ny teknologi er ein viktig del av den grøne omstillinga. Du som lokalpolitikar bør stimulere til grøn næringsutvikling i din kommune og region.  

Din kommune bør: 
  • Kartlegge og legge til rette for utbygging av fornybar energi i eige nærområde. Prosjekt som kan realiserast raskt må prioriterast først 
  • Vere positive til å sette av areal og sikre raske lokale avgjerds- og reguleringsprosessar for å etablere meir kraftproduksjon og etablere datasenter som skal betene offentlege og private verksemder 
  • Legge til rette for auka fornybarproduksjon der det er mogeleg og jobbe for betre overføringskapasitet i kraftnettet 
  • Stille miljøkrav i offentlege innkjøp for å stimulere til eit grønt skifte i næringslivet 
  • Legge til rette for at det kan byggast verdiar basert på data kommunane har 
  • Sørge for at kommunen kan tilby innbyggjarar og bedrifter ein robust digital infrastruktur i form av breiband med høg fart 
  • Legge til rette for energieffektivisering i industri og eksisterande bygg  
  • I samband med rehabilitering og nybygg av offentlege bygg bør det settast strenge krav til energieffektivisering og det bør installerast solceller på tak 
  • Styrke arbeidet med sirkulærøkonomien 
  • Sikre rask arealtilgang for vidare vekst for næringar på og i havet (havbruk, fiskeri, havbotnmineralar, energi, havvind, reiseliv etc.) 
  • Bidra til meir effektiv energibruk gjennom blant anna innovative innkjøp 
 Særskilt for kommunar i Vestland og Vestland fylkeskommune 
  • Arbeide for at kommunane og Vestland fylke set seg mål om, og gjennomfører minimum 55 prosent kutt i utslepp innan 2030 
  • Stimulere til løysingar som kuttar utslepp ved dei største utsleppspunkta i fylket og vere pådrivar for karbonfangst lokalt. Dei seks største utsleppspunkta i fylket står for over 50 prosent (!) av utsleppa i fylket.  
Innovative innkjøp 

Innovative innkjøp er eit strategisk verktøy som bidreg til betre løysingar og berekraft på alle offentlege ansvarsområde, frå helse og omsorg til klima, vatn, avløp og vegprosjekt.  

Å vere ein innovasjonsvenleg kommune vil i tillegg til dei direkte gevinstane bidra til eit bilde av ein meir attraktiv kommune for både næringsliv og innbyggjarar, som skaper auka bulyst og trekk til seg bedriftsetableringar og attraktive arbeidsplassar. 

For å lukkast med å vere ein frampå og innovativ kommune bør de: 

  • Ved store investeringar og innkjøp bruk Leverandørutviklingsprogrammet (LUP) for å undersøke moglegheitene for å gjennomføre investeringar og innkjøp som eit innovativt innkjøp. 
  • Sette mål for innovative innkjøp (til dømes 10% av innkjøpa) og forankre bruken av innovative innkjøp i kommunen sin strategi for innkjøp og andre styringsdokument.  
  • Søke samhandling med nærliggande kommunar for felles prosesser rundt innovative innkjøp, for å vere meir attraktive for leverandørar og gi betre løysingar for innbyggjarane. 
  • Ha dialog med leverandørar i forkant av innkjøpa om kva behov de har, for å sikre gode, berekraftige løysingar tilpassa behovet. 
Dette er Næringslivet sin Hovudorganisasjon, NHO:  

NHO er landet sin største arbeidsgjevarforeining med omlag 33.000 bedrifter på tvers av bransjar, som til saman sysselset 700.000 årsverk. Vi representerar eit stort mangfald av jobbskaparar frå heile landet. I Vestland har vi 4.000 medlemmar som står for omlag 80.000 årsverk. Om du vil sjå nøkkeltal om næringslivet i Vestland, finn du det på våre nettsider. 

Vi kjem gjerne på besøk og snakkar om næringsutvikling som del av samfunnsutviklinga i din kommune. Vi kan til dømes presentere kommunen sine resultat i vårt Kommune-NM, og bruke det som utgangspunkt for samtalar og refleksjon om rolla som vertskapskommune for næringslivet.