Ny trainee på plass i NHO Vestland
Sander Hauge er tilsett som trainee gjennom Framtidsfylket i NHO Vestland. Her får Sander Hauge kontor rett attmed kollega Wenny Irene Hansen i Florø.
Sander Hauge er tilsett som trainee gjennom Framtidsfylket i NHO Vestland. Her får Sander Hauge kontor rett attmed kollega Wenny Irene Hansen i Florø.
- Som nyutdanna innan kommunikasjon frå Høgskulen i Volda ser eg fram til å vera med å bidra på NHO-laget for å tiltretteleggja for næringslivet i Vestland. Det var noko av grunnen til at eg valte å flytta tilbake til heimfylket. Det er mykje spanande som skjer her og det vil eg vere ein del av.
25-åringen er trainee gjennom Framtidsfylket. Oddingen har hatt si fyrste veke i NHO Vestland og byrjar å koma tilrette på kontoret og i Noregs vestlegaste by Florø.
- Som trainee innan politikk og kommunikasjon har eg gleda meg spesielt til å reise på bedriftsbesøk hjå medlemmar rundt om i fylket å sjå kva dei produserar og kva dei treng hjelp til.
-Å få arbeide og møte dyktige folk er noko eg ser som ein fordel i trainee-programmet. Samstundes gjer det ikkje noko å få bu med ei så storslagen natur rundt meg som Florø og omegn tilbyr.