Er du opptatt av ei berekraftig samfunnsutvikling og gode rammevilkår for næringslivet i Vestland?

Publisert

Vi har ledig stilling og søker deg som veit kva som krevst i dagens mediebilde og trivast med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver. Har du politisk teft, kan handtere media, er initiativrik, vil bidra til gjennomslag og skape engasjerande innhald? Då kan dette vere jobben du jaktar på!

Rolla vil ha utstrekt kontakt med næringslivet, våre medlemmar, politikarar og andre beslutningstakarar på regionalt og nasjonalt nivå. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til at NHO sett dagsorden for å forme vilkåra for framtida sitt næringsliv i rask omstilling. 

I NHO Vestland vil du høyre til eit kunnskapsrikt og hyggeleg arbeidsmiljø med 8 medarbeidarar. Du vil ha eit ustrekt fagleg samarbeid med det store NHO-fellesskapet og våre 18 landsforeiningar. Du blir del av eit team med sterk politisk kompetanse og stå på-vilje. 

Stillinga vil rapportere til regiondirektør i NHO Vestland. Arbeidstad vil vere heile Vestland, med kontorstad i Bergen eller Florø. Ein del reising må påreknast. 

NHO tilbyr
  • I jobben kan du gjere ein forskjell, bidra til å forma framtida og styrke næringslivet. 
  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og eit samanveisa og motivert team. 
  • Du får moglegheita til å bygge eit kraftfullt profesjonelt nettverk  –  ikkje minst gjennom reising og bedriftsbesøk i  den spanande regionen vår. 
  • Ein variert arbeidsdag. 
  • En arbeidsgjevar som legg til rette for eigenutvikling og kompetansepåfyll. 
  • Konkurransedyktige vilkår.

     

Arbeidsoppgåver
  • Systematisere kommunikasjonsarbeidet for NHO Vestland for å fremje næringslivet sine interesser i Vestland. 
  • Saman lage regional kommunikasjonsstrategi og plan som bidreg til å sikre gjennomslag for våre saker. 
  • Følge mediebildet og handtere media, herunder skrive saker og sikre innsal.  
  • Gi råd til regiondirektøren i kommunikasjon og politikk og bistå med innhald til talar og presentasjonar. 

Skape og publisere innhald i sosiale media, web og bidra til marknadsføring. 

 

Ønska kvalifikasjonar og erfaring
  • Relevant utdanning og erfaring fra journalistikk og/eller kommunikasjon. 
  • Sterke kommunikasjonsfaglege evner, både skriftleg og muntleg, som bidreg til gjennomslagskraft for NHO sine prioriterte saker. 
  • Relevant arbeidserfaring og god kjennskap til næringslivet, politiske prosessar og politisk påverkingsarbeid. 
  • Like å skape innhald som engasjerar. 
  • Erfaring med å formidle andre sin bodskap. 
  • Interesse og kompetanse frå SoMe og gjerne video. 
  • Det er fordelaktig med god innsikt særleg i berekraftsspørsmål, det grøne skiftet, kompetanse, privat og offentleg samarbeid og skattepolitikk. Samarbeide tett med kollegaer i NHO sine regionar, lands- og bransjeforeiningar, samt medlemsbedrifter og ambassadørar.

Ønska personlege eigenskapar

  • Du ser på kommunikasjon som et verkemiddel til å skape endring.  
  • Du kan kjenne deg igjen i beskrivinga som samfunnsengasjert og nysgjerrig, med solid politisk forståing. Du er analytisk og opptatt av berekraftig utvikling.  
  • Du har grundig målgruppeforståing og gode relasjonsskapande evner 
  • Du er sjølvstendig, strukturert og rask til levere og finne nyheitsverdien i saker. 
  • Du er ein god lagspelar, fleksibel og løysingsorientert. 

Vi veit at mangfald skapar betre resultat, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Har du spørsmål om stillinga så ta kontakt med regiondirektør Helene Frihammer på tlf.: 99087700.