- Heldigvis eit meir kjedeleg statsbudsjett enn i fjor

Publisert

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland.

Vi er glade for at Regjeringa no viser ein viss erkjenning av at dei gjorde store tabbar då dei la fram statsbudsjett i fjor.

- I fjor innførte Regjeringa blant anna ein stor byrde for bedriftene ved å auke arbeidsgjevaravgifta på lønnsinntekt over kr. 750.000. No aukar dei innslaget noko, til kr. 850.000. Det betyr ein litt mindre byrde for ein del bedrifter. Men denne avgifta bør heilt vekk slik Regjeringa har lova.

- Medan Regjeringa dekker den ekstra arbeidsgjevaravgifta for offentlege arbeidsplassar, er det ei rein ekstrarekning for bedriftene. Det er ein ekstra skatt på kompetansearbeidsplassar som bedriftene treng for å løyse dei store utfordringane. Næringslivet har fått auka kostnader på ei rekkje område den siste tida, og derfor er det ekstra utfordrande når Regjeringa gjer det endå meir krevjande for bedriftene. Regjeringa fjernar høgprisbidraget for kraft. Dermed kan næringa no investere meir i vasskraft. Dette er positivt, seier Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland. 

- Medan alle bremser var sett på for samferdsleprosjekt i fjor, er det gledeleg å sjå at Regjeringa no vil begynne å bygge igjen. NHO Vestland har ei rekkje gongar tatt opp E134 Ny Røldalstunnel med sentrale politikarar. Derfor er vi glade for at dei set spaden i jorda neste år. Vegprosjektet vil gi 11 kilometer kortare kjørelengd og føre til 1000 færre høgdemeter for trafikken som passerar. Den vil også føre til betydeleg reduksjon i stenging og kolonnekøyring på en veg som er avgjerande for næringslivet som fraktar varer mellom aust og vest, seier Frihammer.

- Regjeringa skal også ha honnør for at de gir midlar til førebuande arbeid for Stad skipstunnel og Fellesprosjektet Arna-Stanghelle. Men vi forventar at Regjeringa snarleg legg fram forslag til Stortinget med investeringsavgjerd for Arna-Stanghelle slik at det blir byggestart neste år. Det er eit samla Vestland som krev byggestart neste år, seier Frihammer. 

- Vi er også glade for at det er sett av 53 millionar i budsjettet til samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, som også vil støtte opp om viktig berekraftig utvikling av havnæringane og One Ocean Region, seier Frihammer.