Vinn-vinn

Publisert

Spelet Vinn-Vinn skal bidra til auka innsikt og kompetanse om trepartssamarbeidet, arbeidslivet og den norske modellen. Måndag den 24. oktober fekk elevar ved Amalie Skram vidaregående skule prøve spelet.

Klassen for politikk og menneskerettar på Amalie Skram vidaregåande skule fekk besøk frå NHO og LO måndag 24. oktober. Målet for besøket var at elevane skulle få spele Vinn-vinn spelet. Gjennom spelet får elevane auka innsyn og kompetanse om trepartsamarbeidet, arbeidslivet og den norske modellen.

Den norske modellen: Trepartssamarbeidet i Norge handlar om at arbeidstakarar (LO), arbeidsgjevarar (NHO) og staten samarbeidar om arbeidslivsspørsmål (som lønn og arbeidsmiljø). Dette er unikt i verda, og blir kalla «den norske modellen» og er ei viktig årsak til at Norge blir rekna som verdas beste land å bu i. Den bidreg konkret til låg arbeidsløyse, lågt konfliktnivå, god omstillingsevne og auka tillit i samfunnet. Den norske modellen er ikkje noko vi kan ta for gitt, særleg ikkje i ei tid der demokratiet blir sett på prøve frå fleire kantar.

Unge manglar kunnskap: Tal frå Kantar syner også at 83% av elevane på studieførebuande på vidaregåande meiner dei lærer for lite om arbeidslivet generelt og den norske modellen spesielt. NHO og LO meiner det er avgjerande for den norske modellen at unge har denne kompetansen den dagen dei sjølv går inn i arbeidslivet som enten arbeidsgjevar eller arbeidstakar.

  

 Vinn-vinn-spelet: NHO og LO rettar seg derfor direkte mot Generasjon Z ( slutten av 1990-åra og i 2000-åra) gjennom det interaktive og digitale spelet «Vinn-Vinn». Her får elevane tildelt ei rolle - dei blir enten arbeidstakar eller arbeidsgjevar. Dei får så opplyst kva yrke dei har, eller kva type arbeidsplass dei driv.