God sommer fra NHO Vestlandet

Publisert

Riktig god sommar til våre 3600 medlemsbedrifter i NHO Vestlandet!

Det er særs gledeleg at stadig fleire ønskjer å vere ein del av NHO. 
På full fart inn i sommaren held vi framleis høg aktivitet i vest med juridiske tenester, tilbod, arrangement, kurs og arbeid med eit breitt utval av politiske saker. Vi vil særleg takke for dei nærmare 120 medlemsbesøka vi har hatt gleda av så langt i år. Tusen takk til alle de som tek så godt imot oss og gjev oss så mange verdifulle tilbakemeldingar. Desse tek vi med oss og løftar i inn i NHO- felleskapet og politisk arbeid. 

 

I løpet av hausten er det særleg tre område vi kjem til å løfte ekstra høgt: kompetanse, grøn konkurransekraft og privat næringsliv. 

 

For å løyse desse prioriterte utfordringane er det viktig med tett samarbeid og sterke fellesskap med god evne til gjennomslag. Vi er derfor svært glad for at NHO-fellesskapet stadig styrkar seg. Nystarta NHO Geneo som er vår 17. landsforening i NHO familien, samlar helsenæringa, velferd- og oppvekstbedrifter. Ved nyttår blir Finans Norge også eit kjærkome og viktig nytt tilskot til felleskapet. Vi gler oss til spennande samarbeid i tida som kjem og skjerpa rom for gjennomslag. 


Vi ønskjer med dette alle våre medlemsbedrifter ein riktig god sommarferie med rom til å lade batteria med nære og kjære.