Informasjons- og nettverksmøte på Skei

NHO Byggenæringen Håndverk, VBL Sogn og Fjordane og NHO Vestland ønskjer å invitere deg til eit informasjonsmøte om organisasjonane og dei medlemsfordelane som deltaking gir.
Vi jobbar kontinuerleg for medlemmane sine interesser og fagområda innan organisasjonen. Byggebransjen generelt, alle fagområda, som ventilasjon og blikkenslagerfaget, taktekkerfaget, tømrarfaget med meir.
Høgt fokus på opplæring, fagleg tilvekst og faga sin posisjon i byggenæringa er sentralt. Spesielt viktig er rammevilkåra innanfor håndverksbransjen, slik at framtida sine handverksfag kan styrkast, og den faglege status i samfunnet hevast. Fagleg standard og fellesskap er avgjerande for å imøtekomme krava i bransjen.
Program
- Velkommen og introduksjon til Vbl Sogn og Fjordane, ved Martin Kvamme Oldermann i VBL Sogn og Fjordane
- Kva fordelar gir det å vere ein del av felleskapet og kva kan de bruke oss til, ved NHO Vestland
- Kurs om sjukefråværsoppfølging, ved advokat Nina Tennebekk i NHO Vestland
- Felles middag etter at det faglege programmet er slutt
Påmeldingsfrist torsdag 24. april.