Helseinnovasjonskonferansen 2025
Hjarteleg velkommen til deg som er helsepersonell, forskar, techgründar, investor, næringslivsleiar, kommunalt tilsett, student eller jobbar i ein frivilleg organisasjon.
Tverrfagleg møteplass for deg med interesse for
innovasjon og verdiskaping i helsesektoren
Utfordringane i helsesektoren må vi løyse i fellesskap. Når vi må «redesigne» helsetenestene opnar det for spennande moglegheiter for meir offentleg-privat-samhandling. Vi må legge til rette for at næringsliv, utdanningssektor, kommune- og spesialisthelsetenesta og frivillig sektor kan jobbe i lag i eit verdiskapande samspel.
På denne konferansen byr vi på mykje! Du får panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, sjå nye teknologiske løysingar, høyre om spennande prosjekt, bli kjend med gründerbedrifter og ikkje minst: du får bli kjent med mange spennande menneske og miljø. Det vert to dagar med nettverksbygging og spennande fagleg innhald!
I år set vi fokus på krafta i samarbeid.
Tema på årets konferanse
- Framtidas helsetenester – gjensidig avhengigheit
- Fleire må med – legge til rette for læring og meistring
- Tenesteinnovasjon – korleis redesigne arbeidsprosessar?
- Teknologi for persontilpassa oppfølging
- Helsedata, datadeling og kunstig intelligens
- Arbeidsbesparande innovasjonar
- Helsenæring – ei nasjonal eksportsatsing
- Helseinnovasjon – tempo, takt og tone