Digitalt frukostmøte om inkludering i praksis i arbeidslivet

Foto: NHO
72 000 personar mellom 20 og 66 år står utanfor arbeidslivet i Vestland. Samtidig melder 61 prosent av bedriftene i Vestland at dei har utfordringar med å få tak i folk med rett kompetanse. Vi treng å få fleire i jobb og sikre bedriftene kvalifisert arbeidskraft.
Som ein del av regionalt arbeidskraftløft ønsker vi velkommen til digitalt frukostmøte med tema inkludering.
Agenda
- Behovet for inkludering og reduksjon av utanforskap, ved Helene Frihammer NHO Vestland
- Kva kan NAV bidra med og kva har vi i verktøykassa, ved NAV Vestland
- Arbeids- og inkluderingsbedrifter fortel korleis dei bidreg til inkludering ved A2G, Origod og Sogneprodukt
- Safe bemanning fortel korleis dei jobbar med inkludering
- Vi får høyre frå Ikea korleis dei lukkast med inkludering i praksis
- Spørsmål/ diskusjon