Hotel Union i Geiranger er årets bedrift 2023

Publisert

Hotel Union i Geiranger, kjend for kvalitet og service i generasjonar. Monja og Sindre Mjelva er fjerde hotellgenerasjon. Foto: Hotel Union.

Hotellet får mellom anna prisen for å ha skapt fleire heilårs arbeidsplassar. - Vi er svært stolte og glade, seier hotelldirektør Monja Mjelva.

Det var eit einstemmig kompetanse- og næringsutval som fredag vedtok å gi Stranda-verksemda utmerkinga. Prisen blir delt ut på fylkestinget 22. april.

Leiar av kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, seier det er ein verdig vinnar av prisen:

– Bedrifta har gått frå å vere sesongopent til tilnærma heilårsdrift, noko som har resultert i fleire heilårs arbeidsplassar ved hotellet og som vidare har resultert i tilflytting til området. Med sine 72 tilsette i 2022 er bedrifta svært viktig for Geiranger som har berre 230 innbyggjarar, seier Stenseth.

Utvalet peikar og på at Hotel Union Geiranger tar ei rolle for å få fleire til å jobbe i reiselivsbransjen:

– Hotellet er ei viktig lærebedrift, har eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane for mottak av lærlingar og har per i dag tre lærlingar, seier Stenseth.

Feira med kake

I Geiranger blei utmerkinga feira i kantina på hotellet. 

- Konditoren vår har diska opp med kake, så her har vi feira saman med alle tilsette. I dag er vi stolte og glade, seier Monja Mjelva.

Saman med mannen Sindre er ho fjerde generasjon vertskap ved det tradisjonsrike hotellet.  Monja Mjelva er også styremedlem i NHO Møre og Romsdal. 

Historie tilbake til slutten av 1800-talet 

Hotellet blei bygd i 1891, opphaveleg i tre med inspirasjon frå dragestilen eller sveitserstilen.

Julie og Karl Mjelva kjøpte Hotel Union Geiranger i 1899. Den driftige familien starta også bilfabrikk, kraftverk og komfyrfabrikk på staden. Hotel Union er utvida og ombygd fleire gongar. 

Det som sto igjen av trehotellet, blei fjerna i 1979. Hotellet er seinare utvida, med ei moderne kurs- og konferanseavdeling, svømmebasseng, ny toppetasje med 13 suitar, veteranbilutstilling, nattklubb, spa-avdeling og stadig nye tilbod inne og ute.

Blei du nyskjerring på Hotel Union? Her er lenke til nettsida