Christie&Opsahl årets lærebedrift

Publisert

Her er lærlingar i fullt arbeid på den nye ferjekaia i Eidsdal. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRK.

Av 12 nominerte blei Christie & Opsahl kåra til Årets lærebedrift 2023 i Møre og Romsdal. Dagleg leiar Andreas Andenæs er svært takksam for utmerkinga, og set pris på at arbeidet har blitt lagt merke til.

 

- Dette var supergøy og noko vi set veldig høgt. Det å sørge for at våre lærlingar får god, praktisk og matnyttig opplæring, er noko vi i Christie & Opsahl har hatt som fokus hele vegen. Det er viktig for oss at vi sørger for at dei er inkluderte på lik linje med alle andre i bedrifta vår, noko vi også føler vi lukkast med. Lærlingane er ein viktig ressurs i bransjen vår, og ein ressurs vi vil forvalte på ein god måte, seier Andenæs.

Det var Byggopp M&R, Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, som nominerte bedrifta til prisen. I nominasjonen framhever det samfunnsansvaret som bedrifta tek. 

-  Christie & Opsahl brenn for å utvikle nærmiljøet og tek ansvar for utplassering av elevar frå vidaregåande skule. Bedrifta legg si ære i å få ut dyktige og omgjengelege fagarbeidarar. Dei imponerer med sitt utrettelege arbeid for næringa, og går vidare inn i framtida med pågangsmot, vilje og evne til å få til ting, og med omsorg for alle som skal utdannast i bransjen. Mottoet deira er: «Tør å satse!» - og det gjer dei også for lærlingane, skriv Fredrik L. Klock, dagleg leiar Byggopp M&R, i nominasjonen.

Yrkesopplæringsnemnda, som er jury for prisen, stilte seg samrøystes bak nominasjonen og kåra moldebedrifta som Årets lærebedrift. 

Klar strategi

Christie & Opsahl AS er ein stor entreprenør i Møre og Romsdal, med ein klar strategi om å utvikle og utdanne nye fagarbeidarar. Årets lærebedrift har vore aktiv lærebedrift sidan 90-talet. Dei er medlem av opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk (BYGGOPP) og er godkjend lærebedrift i tømrarfaget og betongfaget. 

Dei bidreg med rekruttering inn mot skulane, karrieredagar og har eigne opplegg for lærlingane i løpet av læretida. Lærlingane i bedrifta har høg gjennomføringsgrad og i tillegg blir ein stor del av prøvene avlagt med beste resultat.

Bedrifta har hovudkontor i Molde og 196 tilsette.

Må ha positiv utvikling

For å bli Årets lærebedrift, må bedrifta:

  • vere godkjend lærebedrift i Møre og Romsdal og ha lærling eller lærekandidat.
  • ha ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid. 
  • legge til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø. 
  • ha høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar. 
  • kvalitetssikre læreforholdet gjennom dokumentasjon. 

Det er opplæringskontor, prøvenemnder og andre relevante aktørar som nominerer kandidatar til Årets lærebedrift. I fjor gjekk prisen til Molde Fjordhotell.

Prisen vil bli delt ut i bedrifta, skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding.